Kommunal beredskapsplikt lovfesta
Ved årsskiftet vart kommunane sitt ansvar for beredskapsplanlegging formalisert ved nye reglar i sivilforsvarslova. Kommunene har plikt til å utarbeide beredskapsplan og gjennomføre ein heilskapleg ROS-analyse. Fylkesmannen skal føre tilsyn med at kommunane følgjer opp dette.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Reglane om kommunane sin beredskapsplikt og tilsynsheimelen er tatt inn i sivilforsvarslova §§ 15a-15d. Lova har samstundes fått nytt namn: "lov om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og sivilforsvaret". Formålet med lovfestinga er å styrke det kommunale beredskapsarbeidet og medverke til at kommunene vurderer samfunnstryggleik i eit meir heilskapleg perspektiv. Samstundes var det viktig å få på plass ein heimel for tilsyn i tråd med reglane i kommuneloven kap. 10 A.
Etter dei nye reglane pliktar kommunane å gjennomføre ein heilskapeleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) som tar føre seg dei uønska hendingane som kan skje i kommunen. Denne ROS-analysen skal leggjast til grunn for kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, herunder saker etter plan- og bygningslova. Med utgangspunkt i ROS-analysen skal kommunane utarbeide ein beredskapsplan som skal sette kommunen betre i stand til å handtere uønska hendingar.
Fylkesmannen skal føre tilsyn med at lovkrava er oppfylt. Vi vil også rettleie kommunane i dette arbeidet.
Kontaktpersoner
-
Reidar Johnsen
Tlf: 51 56 88 39 / 41 52 34 31 -
Gry Evensen
Tlf: 51 56 88 18 / 41 30 31 80