Felles nettportal for kriseinformasjon
Statsminister Jens Stoltenberg lanserte sist veke nettportalen Kriseinfo.no, som skal formidle viktig informasjon frå styresmaktene før, under og etter kriser.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
På Kriseinfo.no skal befolkninga finne kvalitetssikra informasjon frå styresmaktene. Målet er at innbyggjarane skal finne den informasjonen dei treng på ein stad, utan å måtte kjenne til korleis ansvar og oppgåver er fordelt mellom ulike styresmakter.
Portalen skal vere i kontinuerlig drift og vert fortløpande oppdatert med varsel og informasjon knytt til risiko og beredskap. Portalen skal vere lett tilgjengeleg, og er difor tilpassa dei ulike kanalane folk er på, som til dømes mobiltelefonar og nettbrett.
For Fylkesmannen og andre regionale aktørar vil portalen vere eit viktig supplement til andre informasjonskanalar, og den vil kunne avlaste andre nettstader. Det er først og fremst ved litt større, komplekse og / eller langvarige hendingar portalen vil vere viktig. Informasjon knytt til meir lokale og avgrensa hendingar vil nok normalt måtte formidlast gjennom andre kanalar. Det er viktig å nytte øvingar og faktiske hendingar til å prøve ut korleis portalen kan nyttast til å gi publikum best mogleg informasjon.
Portalen er etablert og skal driftast av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet. Statsminister Jens Stoltenberg opna kriseinfo.no då han sist veke besøkte DSB sitt hovudkontor i Tønsberg for å bli orientert om direktoratet sitt beredskapsarbeid
Kontaktpersoner
-
Gry Evensen
Tlf: 51 56 88 18 / 41 30 31 80 -
Reidar Johnsen
Tlf: 51 56 88 39 / 41 52 34 31