Tilskot til heimeundervisning i samband med Covid-19
- Søknadsfrist:
- 8. november 2020 16:00
- Målgruppe:
- Elevar, lærlingar, lærekandidatar (inkludert vaksne), lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skolar i Noreg
- Ansvarlig:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Hvem kan søke:
- Kommunar og fylkeskommunen
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2021 16:00
Kommunar og fylkeskommunen kan søkje om tilskot til tiltak for å styrkje føresetnadene for å tilby god heimeundervisning om det blir naudsynt ved ei stenging.
Tilskotet kan nyttast til digitale læremiddel, infrastruktur og utstyr.
Publisert 28.10.2020
Målet for tilskotsordninga
Målet for tilskotsordninga er å leggje til rette for digital heimeundervisning i samband med Covid-19-utbrotet, gjennom å:
- bidra til at elevar og lærarar får tilgang til eit mangfald av digitale læremiddel
- styrkje digital infrastruktur og system, samt kompetanse på drift av desse
- bidra til å utjamne forskjellar i levekår, der desse er til hinder for digital heimeundervisning
Målgruppe
Målgruppa for tilskotet er elevar/lærlingar/lærekandidatar(inkludert vaksne) og lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skolar i Noreg.
Tilskotsmottakar
Tilskotsmottakar er kommunar og fylkeskommune.
Søknadsfrist
Søknadsfrist er 08.11.2020
Vilkår for tilskot
- støtte til infrastruktur som skal leggje til rette for heimeundervising
- støtte til løysingar og utstyr som skal leggje til rette for kommunikasjon mellom lærar og elev
- støtte til innkjøp av digitale læremiddel, gjeld læremiddel som gir innkjøpsstønad (https://sokeresultat.udir.no/digitale-laremidler.html)
- mottakar av tilskotet skal rapportere om bruk av midla innan 1. mars 2021
Tilskotet er knytt til Covid-19-utbrotet.
Rapportering og kontroll
Kommunane som mottek tilskot må rapportere på bruk av midla og:
- stadfeste at midla er brukt i samsvar med føresetnadene
- opplyse om kva tiltak som er iverksette og omfanget av desse
- leggje ved relevante kvitteringar/fakturaer
Fylkesmannen kan ta stikkprøvekontrollar av bruken av tilskotet.
Søknadsskjema
- Søknadsfrist:
- 8. november 2020 16:00
- Målgruppe:
- Elevar, lærlingar, lærekandidatar (inkludert vaksne), lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skolar i Noreg
- Ansvarlig:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Hvem kan søke:
- Kommunar og fylkeskommunen
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2021 16:00