Midlar til symjeopplæring for barn i barnehage 2023

Søknadsfrist:
1. mai 2023
Målgruppe:
Barn i barnehagar i alderen 4-6 år i Rogaland
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Rogaland
Hvem kan søke:
Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar
Rapporteringsfrist:
1. desember 2023
Søk tilskot for at barn i barnehagen blir trygge i vatn. (Bilde fra World)

Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar som ønskjer å drive symjeopplæring i barnehagen, kan no søkje Statsforvaltaren om tilskot for 2023. Søknadsfristen er 1. mai 2023.

Publisert 24.01.2023

Tilskot

Statsforvaltaren i Rogaland lyser med dette ut tilskotsmidlar til symjeopplæring for barn i barnehagar. Statsforvaltaren har fått tildelt kr 7 276 000 som skal nyttast til formålet. 

Tilskotssatsen er kr 2 000 per barn. Delar av tilskotet kan òg nyttast til transport, symjeutstyr som våtdrakt, symjebrett og anna.

Målet med tilskotet

Målet med tilskotet er å gi barn betre symjeferdigheiter. Tilskotet skal bidra til at kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar kan gjennomføre tiltak for å gi barn i barnehage tilstrekkeleg symjeopplæring slik at barna blir trygge i vatn.

Målgruppe

Barn i barnehagar i alderen 4-6 år i Rogaland.

Vilkår for tilskot

  • Søknader som beskriv samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar skal prioriterast. Kommunar kan også samarbeide om symjeopplæringa.
  • Tilskotsmottakarane vel sjølv korleis dei skal organisere og gjennomføre opplæringa innanfor rammene for tilskotet, men symjeopplæringa skal skje i barnehagen si opningstid og hovudsak i basseng, og det er viktig at gutar og jenter får eit likeverdig tilbod. Det er og mogleg å ha symjeopplæring i vatn/sjø.
  • Heile tilskotet skal nyttast til aktivitetar relaterte til symjeopplæring av barna. Tilskotet kan nyttast til å dekke transport til/frå symjeopplæringa. Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar må sjølv dekkje kostnader utover tilskotet.
  • Ein kan ikkje nytta tildelte midlar til andre barn enn dei det er søkt for utan at dette er avtalt med Statsforvaltaren.
  • Barnehagar må sikre at dei ikkje har avtale med fleire enn ein symjeklubb når det gjeld søknad om midlar.
  • Ein kan søkje om tilskot for eit kalenderår om gongen.

Organisering

Tilskotsmottakarane vel korleis dei skal organisere og gjennomføre opplæringa innanfor rammene for tilskotet. Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar må sjølv dekkje kostnader ut over tilskotet.

Søknader som beskriv samarbeid mellom ein kommune og frivillige organisasjonar skal prioriterast. Kommunar kan også samarbeide om symjeopplæring.

Søknad om tilskot

Du finn søknadsskjema i høgremenyen. Vi ønsker at kommunen tek i mot søknader frå barnehagane, og sender desse samla til Statsforvaltaren.

Behandling av søknader

Dei som har fått midlar overført frå 2022 til 2023 må levere rapport før Statsforvaltaren kan behandle ny søknad og tildele nye midlar.

Midlane blir utbetalte kort tid etter at vedtak om tilskot er fatta. Vi oppmodar alle til å søkje snarleg og i god tid før søknadsfristen. Søknader som er for seint innkomne vil ikkje bli behandla.

Rapportering

Tilskotsmottakarane skal innan 1. desember 2023 rapportere til Statsforvaltaren om bruk av midlane. Tilskotsmottakarane må orientere seg om kva som skal rapporterast.

Du finn rapporteringsskjema i høgremenyen.

For dei som rapporterer for fleire barnehagar

I kolonnen «Antall barn totalt» skal ein føre opp talet på barn som har gjennomført symjeopplæringa.

I kolonnen «Beskrivelse av opplæringa» ber vi at det mellom anna vert opplyst kor mange timar symjeopplæring barna har fått.

 

Søknadsfrist:
1. mai 2023
Målgruppe:
Barn i barnehagar i alderen 4-6 år i Rogaland
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Rogaland
Hvem kan søke:
Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar
Rapporteringsfrist:
1. desember 2023