Symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar 2024
- Søknadsfrist:
- 1. mai 2024
- Målgruppe:
- Nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskolen og vaksne med rett til grunnskoleopplæring
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Hvem kan søke:
- Kommunar som har elevar i målgruppa
- Rapporteringsfrist:
- 1. desember 2024
Kommunar som ønskjer å drive symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar kan søkje Statsforvaltaren om tilskot. Midlane skal stimulere kommunane til å gjere ein ekstra innsats slik at nykomne minoritetsspråklege elevar kan få meir og betre symjeopplæring. Søknadsfristen er 1. mai 2024.
Statsforvaltaren er tildelt kr 834 000 som skal nyttast til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar i 2024. Tilskotsordninga gjeld for nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskolen og vaksne med rett til grunnskoleopplæring. Tilskotssatsen er inntil kr 2000 per elev som det blir gitt symjeopplæring til. Andre kostnader må kommunen dekke sjølv. Tilskotet skal brukast i budsjettåret 2024.
Mål for ordninga
Målet er å redusere risikoen for ulykker i samband med badig og å setje elevane betre i sand til å nå kompetansemåla i læreplanen. Det er eit mål i læreplanen at elevane skal vere symjedyktige etter 4. årstrinn.
Organisering av symjeopplæringa
Kommunen vel sjølv korleis symjeopplæringa skal organiserast. Symjeopplæringa kan leggjast til skoletida eller etter skoletid.
Søknad om tilskot
Søknadsskjema må fyllast ut og sendast til sfropost@statsforvalteren.no
Bruk skjema i høgremenyen. Send berre ein søknad frå kvar kommune.
Rapportering
Kommunen skal rapportere om talet på nykomne minoritetsspråklege som har gjennomført symjeopplæring innan 1. desember 2024.
Du finn meir informasjon om tilskotsordninga i brevet som er sendt til kommunane i Rogaland, sjå høgremenyen.
Aktuelle ressursar
- Søknadsfrist:
- 1. mai 2024
- Målgruppe:
- Nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskolen og vaksne med rett til grunnskoleopplæring
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Hvem kan søke:
- Kommunar som har elevar i målgruppa
- Rapporteringsfrist:
- 1. desember 2024