Invitasjon til kurs for verjer våren 2017
Fylkesmannen i Rogaland har gleda av å invitere verjer i Rogaland til kurs
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen i Rogaland skal våren 2017 gjennomføre fleire samlingar for alminnelege og nærståande verjer i fylket. Samlingane vil innehalde følgjande tema:
- Rolleforståing (mandat og samtykkekompetanse)
- Rekneskap
- Orientering om korleis du går fram når du har behov for å foreta større disposisjonar som sal og kjøp av eigedom, bruk av kapital, arveforskot og gåver
Det vil bli halde samlingar følgjande stader:
Statens hus i Stavanger: Onsdag 05. april kl. 17:00-19:00
Bleikemyr bydelshus i Haugesund: Onsdag 19. april kl. 17:00-19:00
Garborgsenteret på Bryne: Onsdag 26. april kl. 17:00-19:00
Representantar for Fylkesmannen vil vere tilgjengeleg for spørsmål alle stader frå kl. 16:00.
Du kan melde deg på den salinga du ønskjer, men vi gjer merksam på at reisekostnadar knytt til verjesamlingane ikkje vert dekte. Vi tar også atterhald om nok påmelde. Oppdatert informasjon vil bli lagt på våre internettsider.
Du kan melde deg på samlingane innan 30. mars på Fylkesmannen sine internettsider: www.fylkesmannen.no/Rogaland/Kurs-og-konferansar/ eller du kan ringje 51568700 for å melde deg på i telefontida mellom kl. 12-14 måndag – fredag.