Det nye ungdomspanelet er på plass

Biletet viser det nye ungdomspanelet til Statsforvaltaren i Rogaland i lag med leiargruppa i embetet.
Det nye ungdomspanelet i lag med leiargruppa til Statsforvaltaren i Rogaland. Enkelte medlemmer hadde forfall til dette møtet. Foto: John Gunnar Skien / Statsforvaltaren i Rogaland.

– Kva er viktig for at skulehelsetenesta skal vera til hjelp for ungdom? Det var eitt av mange tema det nye ungdomspanelet til Statsforvaltaren i Rogaland tok opp i møtet 23. mai.

Publisert 04.06.2024

Meir synleg – og betre tilgjengelegheit! Det var nokre av svara frå panelet. Ungdommen hjelper oss med råd, erfaringar og innspel i arbeidet vårt.

Panelet består av elleve ungdommar i aldersgruppa 13–19 år. Kommunane, Rogaland fylkeskommune og ungdomsråda i Helse Stavanger og Helse Fonna er inviterte til å foreslå kandidatar. Det er også Landsforeningen for barnevernsbarn.

Presentasjon og dialog

Det nye ungdomspanelet hadde sitt første møte 23. mai. Statsforvaltar Bent Høie fortalte kva me jobbar med og korleis me er organiserte, før medlemmene i ungdomspanelet presenterte seg sjølv. Deretter var det kafédialog med problemstillingar som fagavdelingane ønskte panelet sitt syn på.

Dette er panelet for 2024–2025

 

Medlemmer

Vara

Helse Stavanger

Sara Rondestveit

Clara Gonzalez Eldholm

Helse Fonna

Julie Kleppestø Aga

Ida Handeland Hansen

Rogaland fylkeskommune

David Tural Mousavi

Sumeja Ohran

Nord-Jæren

Rawan Naima

Stian Baiye Chuefor

 

Aleksandra Katarzyna Wierzbicka

Tilde Rostrup Thuv

Jæren

Torje H. Skjevrak 

Jacob Sikkeland

 

Tarjei Foldøy

Fleur Amelie de Quartel

Dalane

Karl Brage Hagbo

William Olaussen

Ryfylke

Elo Ordin Grammeltvedt

Martine Hocking

Haugalandet

Ingvild Vik Holta

Cecelia Eide Hansen

 

Nicoletta Laura Bekiari

Naujin Alinejad

 

Panelet skal konstituera seg sjølv, dvs. velja leiar og nestleiar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.