Breitt engasjement for framtidas Skagerrak

Publisert i dag kl. 09:41

Meir enn 60 representantar frå forvaltning, forsking, organisasjonar og næringsliv deltok på workshop for SOS-Saman om Skagerrak. Innspela skal no danne grunnlaget for eit nytt veikart for programmet i perioden 2027–2030.

Gruppebilete av om lag 60 deltakarar på workshop for SOS-Saman om Skagerrak. Deltakarane står samla framfor ein stor skjerm med programlogo og teksten «Velkommen til workshop SOS Saman om Skagerrak». Biletet er teke innandørs i eit konferanselokale ved Universitetet i Agder.
Deltakere på workshop for SOS-Saman om Skagerrak 26. august. Over 60 representanter frå forvaltning, forsking, organisasjonar og næringsliv samla seg for å komme med innspel til eit nytt veikart for programmet. Foto: Statsforvalteren i Agder.

Torsdag 26. august samla SOS-Saman om Skagerrak over 60 deltakarar til workshop. Målet var å hente innspel til eit nytt veikart som skal konkretisere mål og aktivitetar for programmet dei komande åra.

Dagen starta med faglege innlegg frå Miljødirektoratet, Fiskeridirektoratet og Agder fylkeskommune. Dei orienterte mellom anna om Noregs oppfølging av Naturavtalen, status for fiskerirestriksjonar og arbeidet med vassforskrifta, og korleis dette heng saman med SOS-Saman om Skagerrak.

Innspel til framtidas Skagerrak

Deretter arbeidde deltakarane i grupper innanfor dei fire innsatsområda i programmet:

  • omforeint kunnskapsgrunnlag
  • marin bevaring og restaurering
  • berekraftig marin næringsutvikling
  • formidling av kunnskap om miljøtilstand og berekraftig bruk av kyst- og havressursar

Deltakarane identifiserte utfordringar, utvikla framtidsvisjonar og foreslo konkrete tiltak. Forslaga vil no inngå i arbeidet med det nye veikartet.

Breitt engasjement

Programkoordinator Torill Sæterøy er nøgd med oppslutninga.

– Det er utruleg kjekt å sjå at så mange kjenner eigarskap til SOS-Saman om Skagerrak. Vi er veldig glade for breidda blant deltakarane og dei mange gode innspela som kom fram, seier ho.

Samtidig håpar ho på endå større deltaking frå næringslivet i det vidare arbeidet.

– No skal vi arbeide vidare med innspela og omsetje dei til eit utkast til nytt veikart for programmet, seier Sæterøy.

Deltakere sitter i et konferanselokale og følger åpningen av workshop for SOS-Saman om Skagerrak. En person holder innlegg fra scenen foran en storskjerm som viser programlogoen og et bilde fra tidligere aktiviteter i programmet. Lokalet er fylt med deltakere vendt mot scenen.
Programkoordinator Torill Sæterøy ønskte deltakarane velkomne til workshop for SOS-Saman om Skagerrak. Samlinga markerte starten på arbeidet med eit nytt veikart for programperioden 2027–2030. Foto: Statsforvalteren i Agder.

Høge ambisjonar

I gruppa som arbeidde med marin bevaring og restaurering, vart det mellom anna løfta fram ein ambisjon om at Agder skal bli best i Noreg på berekraftig hav- og kystforvaltning.

– Visjonære, seier Anne Fløgstad Smeland frå Statsforvaltaren i Agder om arbeidet i gruppa.

– Vi er heldige som har eit så sterkt fagmiljø å lene oss på i SOS-Saman om Skagerrak.

Ferdig i 2026

Det nye veikartet skal utarbeidast i samarbeid med fagstyret for SOS-Saman om Skagerrak og behandlast av programstyret før endeleg godkjenning. Målet er at veikartet skal vere ferdigstilt innan utgangen av 2026.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for mer informasjon.
Torill Sæterøy
seniorrådgiver, Statsforvalteren i Agder