Over 14,5 millionar kroner frå Agder til TV-aksjonen

Publisert i dag kl. 15:07

Statsforvaltaren i Agder vil rette ei stor takk til alle innbyggjarar, frivillige, kommunar, lag, organisasjonar og bedrifter som bidrog under årets TV-aksjon. Saman samla agderfolk inn over 14,5 millionar kroner til Flyktninghjelpen og hjelp til menneske på flukt.

Gruppebilde fra Ordfører- og kommunedirektørkonferansen 2026. Om lag 25 deltakere står samlet i en tretrapp inne i et moderne konferansebygg med store vinduer og treinteriør. Statsforvalteren i Agder, fylkesordføreren og ordførerne i Agders kommuner er avbildet sammen. Flere har på seg svarte T-skjorter med teksten «Sammen for mennesker på flukt».
Statsforvalter Gina Lund, fylkesordfører Arne Thomassen og ordførerne i Agders kommuner samlet under Ordfører- og kommunedirektørkonferansen 2026. Deltakerne markerte samtidig støtte til TV-aksjonen 2026 og årets tema «Sammen for mennesker på flukt». Foto: David Høyheim Skintveit | Statsforvalteren i Agder.

Ved innsamlingsslutt var det samla inn over 14,5 millionar kroner frå Agder til årets aksjon for Flyktninghjelpen. Det svarar til 44,83 kroner per innbyggjar i fylket.

På landsbasis vart det samla inn nær 254 millionar kroner, og Agder stod for om lag fem prosent av den totale innsamlinga.

Sterkt engasjement i heile Agder

Alle dei 25 kommunane i Agder bidrog til årets resultat. Statistikken viser at engasjementet var særleg stort i fleire av dei mindre kommunane målt per innbyggjar.

– Det var inspirerande å gå med bøsse i Tvedestrand og møte engasjementet blant innbyggjarane. Mange ønskte å bidra til saka, og eg opplevde ein stor vilje til å stille opp for menneske som er på flukt. Resultatet vi ser frå Agder er summen av mange små og store bidrag frå enkeltpersonar, frivillige, næringsliv og kommunar over heile fylket, seier Gina Lund, statsforvaltar og leiar av fylkesaksjonskomiteen i Agder.

Bykle toppa lista i Agder med heile 122,74 kroner per innbyggjar. Deretter følgde Sirdal med 109,28 kroner og Åseral med 93,23 kroner per innbyggjar. Også Bygland, Kvinesdal og Valle utmerkte seg med svært sterke resultat.

Målt i samla innsamla beløp bidrog dei største kommunane med viktige bidrag til årets resultat. Særleg Kristiansand, Arendal, Lindesnes og Grimstad stod for store delar av innsamlinga.

Ei viktig p

åminning om dugnadsånda

TV-aksjonen er verdas største dugnad, og årets resultat viser at viljen til å bidra står sterkt i Agder. Privatpersonar, bedrifter, organisasjonar, skular, barnehagar og kommunar har alle vore med på å samle inn millionar til menneske som har blitt drivne på flukt frå krig og konflikt.

– TV-aksjonen handlar om meir enn pengar. Han handlar om fellesskap, medmenneskelegheit og om å stille opp når andre treng hjelp. Difor er eg både stolt og takksam over innsatsen som er lagt ned i kommunane våre og blant innbyggjarane i Agder, seier Lund.

Årets innsamling viser kva som er mogleg når frivillige, kommunar, næringsliv og innbyggjarar går saman om eit felles mål.

Aksjonslykta gjekk til Åseral

For tredje år på rad vart Aksjonslykta delt ut under TV-aksjonen i Agder. Utmerkinga skal inspirere kommunane til å rekruttere flest mogleg bøsseberarar og løfte fram den viktige innsatsen som blir lagd ned lokalt.

I 2026 gjekk Aksjonslykta til Åseral. Kommunen vann utmerkinga etter å ha samla inn mest pengar per innbyggjar gjennom bøsseinnsamlinga. Det sterke lokale engasjementet og innsatsen frå bøsseberarane gjorde at Åseral kunne ta imot årets lykt.

Ei svart lykt pynta med oransje band står på eit trebord utandørs. Framfor lykta står eit kort merka «Til Åseral». Ei brosjyre frå TV-aksjonen er festa til lykta, og i bakgrunnen er det utsikt mot sjø og busetnad i sollys.
Åseral kommune fekk Aksjonslykta 2026 etter å ha samla inn mest pengar per innbyggjar gjennom bøsseinnsamlinga under TV-aksjonen. Foto: David Høyheim Skintveit | Statsforvalteren i Agder.

Nøkkeltal for Agder

  • Totalt innsamla: 14 523 031 kroner
  • Bidrag per innbyggjar: 44,83 kroner
  • Nasjonal plassering: 7. plass blant fylka
  • Tal kommunar som deltok: 25 - samtlege
  • Kommunar med høgast bidrag per innbyggjar: Bykle, Sirdal og Åseral
  • Kommunar med over 75 kroner per innbyggjar: Bykle, Sirdal, Åseral, Bygland, Kvinesdal og Valle