Høyring - søknad om utsleppsløyve for Tyinkrysset reinseanlegg i Vang

Høringsfrist:
1. oktober 2023

Vang kommune søker Statsforvaltaren i Innlandet om løyve til utslepp av avlaupsvatn frå Tyinkrysset reinseanlegg. Frist for å gje uttale er 1. oktober 2023.

 

Publisert 01.09.2023

Løyvet det søkast om inneber ei utviding av Tyinkrysset reinseanlegg. Reinsa avlaupsvatn skal sleppast ut i Fløgstrøndfjorden. Alle søknadsdokument kan lesast til høgre på denne sida, og skal også leggast ut til gjennomsyn hos Vang kommune.

Alle kan sende innspel og kommentere søknaden. Høyringsuttalar kan skrivast i skjemaet nedanfor, eller sendast som e-post eller brevpost til Statsforvaltaren i Innlandet, sfinpost@statsforvalteren.no eller Postboks 987, 2604 Lillehammer. Frist for å gje uttale er 1. oktober 2023