Sjukdomsavløysing - tilbakedatert sjukmelding

Publisert 2. september kl. 09:03

I dei tilfella der sjukdom er dokumentert med tilbakedatert sjukmelding, er det  kommunen som må vurdere om kravet til dokumentasjon er oppfylt. 

Vi har dei siste åra hatt nokre få saker der sjukdom er dokumentert med attendedatert sjukmelding. Praksisen har vore at den avløyste søker om dispensasjon for å få godkjent sjukmeldinga. 

Landbruksdirektoratet har nå informert oss om at det ikkje er krav til dispensasjon frå statsforvaltar i tilfelle der den avløyste har attendedatert sjukmelding. Det er kommunen som må vurdere om kravet til dokumentasjon er oppfylt. 

Spørsmålet er om framlagt dokumentasjon er tilstrekkeleg for å sannsynleggjere at den avløyste var sjukmeld dei aktuelle datoane. Dette er dermed ei vurdering av dokumentasjonskravet, og ikkje eit spørsmål om dispensasjon.

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for mer informasjon.
Anne Berit Grasbakken
seniorrådgiver, Statsforvalteren i Innlandet
Katrine Kleiven
seniorrådgiver, Statsforvalteren i Innlandet
Anne Pauline Skjelkvåle
seniorrådgiver, Statsforvalteren i Innlandet