Webinar om næringsutvikling i landbruket og opplæring
- Dato:
- 25. april 2024 09:30 - 11:00
- Sted:
- Digitalt via Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Innlandet, Innlandet fylkeskommune og Innovasjon Norge
- Målgruppe:
- Tilsette i kommunal landbruksforvaltning
- Påmeldingsfrist:
- 24. april 2024 12:00
Det finst ulike tilbod om opplæring for dei som vil drive næringsutvikling i landbruket. Det er snakk om kurstilbod både for utvikling av tradisjonelt landbruk og for tilleggsnæring som produksjon av lokalmat, Inn på tunet og andre satsingar.
Målet med webinaret er å bidra til at kommunane som er førstline for landbruksnæringa, kjenner opplæringstilboda som finst.
I fjor haust hadde vi eit webinar om vaksenagromutdanning og om tilbodet som Fagskolen Innlandet har innan landbruk. Denne gongen informerer vi om kortare kurs og opplæring.
Eit anna mål er å skape ein møteplass for å dele informasjon og erfaringar om landbruksbasert næringsutvikling slik at deltakarane frå både kommunane og arrangørane får fagleg påfyll, inspirasjon og større nettverk.
Programmet har ein programpost der ordet er fritt og kommunane kan dele info om sine satsingar. Vi oppmodar om å nytte sjansen. Kanskje driv nettopp din kommune med noko som er interessant å vite om for oss andre?
Vi sender lenke til webinaret pr. e-post til alle påmeldte når fristen for å melde seg på er ute.
- Dato:
- 25. april 2024 09:30 - 11:00
- Sted:
- Digitalt via Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Innlandet, Innlandet fylkeskommune og Innovasjon Norge
- Målgruppe:
- Tilsette i kommunal landbruksforvaltning
- Påmeldingsfrist:
- 24. april 2024 12:00