AR5 Feltkurs i Sel
- Dato:
- 17. juni 2025 09:00 - 15:00
- Sted:
- Sel
- Arrangør:
- Statsforvaltaren og NIBIO
- Målgruppe:
- Fagansvarlege innan landbruk og andre som skal jobbe med ajourføring av AR5 i kommunane

NIBIO i samarbeid med Statsforvaltaren inviterer til AR5 feltkurs i Sel kommune tysdag 17.juni. Kurset er for fagansvarlege innan landbruk og andre som skal jobbe med ajourføring av AR5 i kommunane.
Feltkurset har hovudvekt på klassifisering av AR5 i felt. Innhaldet i kurset blir tilpassa lokale forhold og behov.
Sjølve feltkurset er utandørs, mens gjennomgang av teori skjer via i eit felles webinar i forkant av feltkursa. Webinaret blir 26. mai kl 9-11.
Vi vil sende ut program, informasjon om oppmøtestad og lenke til webinar til dei påmeldte.
Kurset er gratis.
Påmeldingsfristen er utløpt.
Om AR5
AR5 står for arealressurskart tilpassa målestokk rundt 1:5000. Det er eit detaljert kart over arealressursane, og viser produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk. AR5 er ein del av det offentlege kartgrunnlaget. Det betyr at det inngår i dei karta som skal brukast i arbeid som følger plan og bygningslova. Kommunane har ansvar for kontinuerlig ajourhald av AR5.
Alt areal vert klassifisert etter arealtype. Vidare vert areala klassifisert etter skogbonitet, treslag og grunnforhold, alt etter kva som er relevant for arealtypen.
- Dato:
- 17. juni 2025 09:00 - 15:00
- Sted:
- Sel
- Arrangør:
- Statsforvaltaren og NIBIO
- Målgruppe:
- Fagansvarlege innan landbruk og andre som skal jobbe med ajourføring av AR5 i kommunane
Kontaktpersoner
-
Svein Åge Jakobsen
Tlf: 61 26 61 49 -
Karen Saksum
Tlf: 61 26 61 46