AR5 Feltkurs i Stange

Dato:
3. juni 2025 09:00 - 15:00
Sted:
Stange
Arrangør:
Statsforvalteren og NIBIO
Målgruppe:
Fagansvarlege innan landbruk og andre som skal jobbe med ajourføring av AR5 i kommunane
Påmeldingsfrist:
21. mai 2025 23:59
Ungdyr på beite. Foto: Statsforvalteren

NIBIO i samarbeid med Statsforvaltaren inviterer til AR5 feltkurs i Stange kommune tysdag 3.juni. Kurset er for fagansvarlege innan landbruk og andre som skal jobbe med ajourføring av AR5 i kommunane.

Publisert 25.04.2025

Feltkurset har hovudvekt på klassifisering av AR5 i felt. Innhaldet i kurset blir tilpassa lokale forhold og behov.

Sjølve feltkurset er utandørs, mens gjennomgang av teori skjer via i eit felles webinar i forkant av feltkursa. Webinaret blir 26. mai kl 9-11. 

Vi vil sende ut program, informasjon om oppmøtestad og lenke til webinar til dei som melder seg på.

Kurset er gratis.

Påmelding innan 21.mai.

 

Om AR5

AR5 står for arealressurskart tilpassa målestokk rundt 1:5000. Det er eit detaljert kart over arealressursane, og viser produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk.  AR5 er ein del av det offentlege kartgrunnlaget. Det betyr at det inngår i dei karta som skal brukast i arbeid som følger plan og bygningslova. Kommunane har ansvar for kontinuerlig ajourhald av AR5.

Alt areal vert klassifisert etter arealtype. Vidare vert areala klassifisert etter skogbonitet, treslag og grunnforhold, alt etter kva som er relevant for arealtypen.

Påmelding AR5 Feltkurs Stange

Dato:
3. juni 2025 09:00 - 15:00
Sted:
Stange
Arrangør:
Statsforvalteren og NIBIO
Målgruppe:
Fagansvarlege innan landbruk og andre som skal jobbe med ajourføring av AR5 i kommunane
Påmeldingsfrist:
21. mai 2025 23:59