Fugleinfluensa – hold fuglane inne
Det er påvist fugleinfluensa i Sør-Norge. For å hindre overføring av smitte til tamfugl og svinehald, er det innført portforbod for all tamfugl i Sør-Norge. Det gjeld både husdyr og «kjæledyr.» Det er også innført forbod mot jakt.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen i Innlandet deltok 17. desember på Mattilsynet region øst sitt informasjonswebinar om høypatogen fugleinfluensa i Norge.
Det er påvist høgpatogen fugleinfluensa på Sørvestlandet, smitten kjem sannsynlegvis med trekkfugl som trekker over Nordsjøen. Smitten spreier seg raskt blant fuglar. Den representerer ikkje fare for menneske. Det er risiko for at viruset også kan spreie seg til svin og skape problem der.
Det er få symptom å sjå på fuglane, utfallet etter smitte er svært ofte at fuglane dør.
Det er fjørfe, egg- og kjøttproduksjon, og gris som er i risikogruppa for å få denne sjukdomen. Også fugl halde som «kjæledyr» er i risikogruppa.
For å hindre spreiing til tamfugl og svin er det innført tiltak, det er særleg to tiltak det er viktig å få fram informasjon om:
- Det første er portforbod for all tamfugl. Det betyr at all tamfugl skal vere under tett tak slik at dei ikkje får kontakt med villfugl eller avføring frå villfugl. Dei må vere i hus eller innhegning med tett tak over.
- Det andre tiltaket er stopp i fuglejakt. Bakgrunnen er at jakt uroer fugl og fører til meir bevegelse og flytting. På den måten kan ein spreie smitte ytterlegare. For å unngå det, er det nå innført forbod mot jakt på ein del fugleartar, m.a. gås, and, storskarv og kråkefuglane. Komplett liste hos www.mattilsynet.no.
Meir informasjon finn du på www.mattilsynet.no.