Naturbruk gir fagutdanning og studiekompetanse

Det er snart tid for å søke vidaregåande utdanning. Spørsmålet er kva skal ein velje?
Publisert 05.02.2025
Naturbruksutdanning gir mange moglegheiter, både yrkesfag, studiekompetanse og fagskuleutdanning. Dersom du lurer på kva for moglegheiter som finst, gå inn på Innlandet fylkeskommune og sjå dei fine filmane som er laga!
Statsforvaltaren i Innlandet arbeider med ulike tiltak for å utvikle landbruket. Dette gjer vi i samarbeid med Innlandet fylkeskommune, Innovasjon Norge og landbruksnæringa. Eit godt kompetansetilbod er viktig for å ha ei sterk landbruksnæring framover.