Små endringer for regionale miljøtilskott i jordbruket i 2026

Traktor med tilførselslange for spredning av husdyrgjødsel på et grønt jorde.
Traktor med slangesprederutstyr for husdyrgjødsel Foto: Anne Berit Grasbakken.

Tiltaka som kan få regionale miljøtilskott i jordbruket (RMP) er uendra frå i fjor, bortsett frå at tilskottet til klimarådgjeving no har blitt ei eiga ordning. Med atterhald for resultatet av jordbruksforhandlingene ligg det heller ikkje an til vesentlege endringer i tilskottssatsane.

Publisert 27.03.2026

"RMP-ordninga" gjeld tilskott for å gjera miljøtiltak på egien gard eller leigejord. Du kan søke hvis du har gjort bestemte miljøtiltak på areala du disponerer i søknadsåret. Føretaket ditt må drive vanleg jordbruksproduksjon på éin eller fleire landbrukseigedommar og vera registrert i Enhetsregisteret.

Nokre av tiltaka bør ein ha planlagt før våronna startar. Det gjeld spesielt der ein skal så til nye areal/striper:

  • soner for pollinerande insekt ("blomstestriper")
  • grasdekte vassvegar eller grasstriper og grasdekte kantsoner i åkeren
  • fangvekstar som underkultur i åkeren

Bruk av miljøvenlege spreiemetodar for husdyrgjødsel bør ein og ha planar for frå starten av vekstsesongen.

Dei regionale miljøtilskotta skal bidra til at bønder gjer ein ekstra innsats for å ta vare på kulturlandskap, biologisk mangfald og kulturmiljø og kulturminne og redusere bruken av plantevernmiddel, utslepp til luft og avrenning til vatn 
forårsaka av jordbruksdrift.

Oversikten over tiltaka og vilkåra for å få tilskott finn du inntil vidare i vegleiaren frå 2025. Denne vil bli oppdatert, og ny versjon blir publisert innan ca. 1. juli. Det kan bli mindre justeringer av tilskottssatsene etter at rammene er avklara i  jordbruksoppgjeret utpå våren. Vi tar atterhald om at det kan koma spesielle føringer om nivået på nokre av satsane i jordbruksavtalen.

Du kan lese om den nye ordninga for å søke om tilskott til klimarådgjeving på denne sida: Tilskudd til klimarådgiving - Landbruksdirektoratet.