Kjem du på besøk for å møte ein saksbehandlar?
Det er lurt å gjere ein avtale før du møter opp hos oss. Du finn kontaktinfo her ... Sentralbord - 71 25 84 00.
Det er lurt å gjere ein avtale før du møter opp hos oss. Du finn kontaktinfo her ... Sentralbord - 71 25 84 00.
For første gong har Helsedirektoratet laga nasjonale faglege råd for brukar- og pårørandemedverknad. Dei første råda er for rus- og psykisk helsefeltet.
Ved andre gongs behandling av saka, stadfestar Statsforvaltaren Molde kommune sitt planvedtak om nytt bustadfelt i Djupdalen.
Arbeider du på eit lege- eller advokatkontor som fram til no har fått papirbrev frå Statsforvaltaren? Frå denne veka går vi over til å sende desse breva digitalt. Verksemdene må sjølv gi sine tilsette riktige tilganger i Altinn.
Under det ekstreme regnvêret første veka i mars 2025 var det fleire uheldige hendingar knytt til pågåande eller tidlegare skogsdrifter. Det var ras, erosjon og vatn på avvegar. Dette ga fleire mindre skadar, men òg stor risiko for meir alvorlege hendingar med skade på viktig infrastruktur og bygningar.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer alle til å kome med forslag på kandidatar til Kulturlandskapsprisen 2025 innan 1. mai.
Partnarar og leverandørar er viktige premissgivarar i offentlege anskaffingar.