Høyring av søknad om utfylling i Strandafjorden for etablering av turveg i Ål kommune

Høringsfrist:
18. desember 2023

Ål kommune har søkt om løyve etter forureiningslova til utfylling av massar i Strandafjorden i Ål kommune.

Publisert 24.11.2023

Samandrag av søknad

Ål kommune planlegg etablering av ein turveg parallelt med riksveg 7 langs Strandafjorden i Ål kommune. I samband med dette blir det søkt om løyve til utfylling av inntil 2900 m3 massar til Strandafjorden innanfor eit areal på opptil 1550 m2. Det blir opplyst i søknaden at ca. 1100 m3 av det totale utfyllingsvolumet vil vera under vatn.

Det er planlagt å nytta lokale skredmassar som er tilgjengeleg ved tiltaksområde, framfor å køyre massane vekk.

I samsvar med forureiningsforskrifta § 36-8 blir søknaden lagt ut til offentleg gjennomsyn. Søknaden kan lesast i menyen til høgre.

Du kan sende innspel eller merknadar til søknaden

Eventuelle innspel til søknaden blir sende til Statsforvaltaren i Oslo og Viken innan 18.12.2023. Uttale sendes skriftleg per e-post til sfovpost@statsforvalteren.no, eller per post til Statsforvaltaren i Oslo og Viken, postboks 325, 1502 Moss. Merk innspela med saksnummer 2023/42122. 

Informasjon om vidare saksgang

Etter at høyringsinnspela har komme inn til Statsforvaltaren, vil dei bli presenterte for søkjar til uttale, før vedtak om løyva blir gjeve og eventuelt på kva vilkår.

Høringsfrist:
18. desember 2023