Gudsteneste i skuletida
Skulane kan arrangere skulegudsteneste som ein del av den generelle kultur- og tradisjonsformidlinga. Men gudstenesta skal ikkje vere ein del av RLE-faget.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I eit brev til fylkesmennene november 2007 presiserte Utdanningsdirektoratet i kva grad skulane kan arrangere eller delta i gudstenester. Direktoratet ønskjer mest mogleg felles handtering av dette i skulane.
Gudstenesta kan gjennomførast som ein del av den generelle kultur- og tradisjonsformidlinga i skulen, men presiserer at:
• gudstenesta ikkje kan vere ein del av RLE-faget
• det er enkelt for heimane å forstå kva dei eventuelt skal be seg fritekne frå
• informasjon vert formidla i god tid, med rimeleg frist for fritak
• elevar som får fritak, får tilbod om ikkje-diskriminerande fritaksordningar
• heimen ikkje må gje ut informasjon om eiga tru