Nye statlege sosialhjelpssatsar
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har fastsett rettleiande statlege sosialhjelpssatsar frå 1. januar 2022. Departementet har auka satsane med 1,3 prosent, i tråd med berekna vekst i konsumprisane i nasjonalbudsjettet for komande år.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kommunane bestemmer sjølve om dei vil følgje statens satsar eller om dei vil ha eigne kommunale satsar.
Kommune-stat-rapportering (Kostra) er eit nasjonalt informasjonssystem som syner kommunal og fylkeskommunal verksemd. Kostra-tala ligg på nettsidene til Statistisk sentralbyrå, og syner at kva kommunar som følgjer statens satsar og kven som har høgare eller lågare satsar.
Dei nye statlege satsane per månad er:
Einslege |
6 550 |
Ektepar/sambuarar |
10 950 |
Person i bufellesskap |
5 450 |
Barn 0-5 år |
3 200 |
Barn 6-10 år |
3 300 |
Barn 11-17 år |
4 300 |
I tillegg kjem stønad til husleige, straum og oppvarming, bustad- og innbuforsikring og inventar og utstyr.