Nye satsar i statens retningsliner for sosialhjelp
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har prisjustert satsane frå 1. juli 2022 i tråd med anslaget for vekst i konsumprisane i revidert nasjonalbudsjett for 2022.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 04.07.2022
Satsane er rettleiande. Nav-kontora skal utøve skjøn når dei vurderer om dei skal innvilge ein sosialhjelpssøkjar økonomisk stønad, og dei skal utøve skjøn ved utmåling av stønaden. Kommunane vel sjølv om deira Nav-kontor skal nytte statens satsar som utgangspunkt for skjønsutøvinga, eller om dei vil ha eigne kommunale satsar som utgangspunkt.