Kompetansesatsing på dei sosiale tenestene i Nav

Alle Nav-kontor har fått tilgang til kompetansemateriell om sosiale tenester. Materiellet er utvikla i samarbeid mellom Arbeids- og velferdsdirektoratet og statsforvaltarar.

Publisert 30.01.2023, Sist endret 11.01.2024

Det nye materiellet er eit illustrert foredrag om formålet med sosialtenestelova. Materiellet er utvikla i samarbeid med OsloMet. 

Set dei sosiale tenestene på kartet

Kompetansemateriellet vart utarbeidd på bakgrunn av at Nav-tilsette ønskte meir kompetanse om forvaltning, kartlegging, individuelle vurderingar og kva formålsparagrafen i sosialtenestelova betyr for vurderingane som tilsette skal gjere. Forsking og tilsyn viser også at dette kan vere utfordrande tema i praktisering av sosialtenestelova. 

Vi håpar at materiellet fører til refleksjon kring eigen praksis og praksis i det lokale Nav-kontoret. Vidare er det eit mål å setje dei sosiale tenester meir på kartet i Nav, og føre til at føresegnene i Nav-lova og sosialtenestelova blir brukt i større grad.

Verkemiddel for å motverke utanforskap 

Sosialstønad er sikkerheitsnettet til innbyggjarane, og eit viktig verkemiddel for å motvirke fattigdom og utanforskap. Lova skal sikre sosial inkludering og førebygge sosiale problem. Det er eit mål at alle i Nav-kontoret kjenner formålet med og innhaldet i sosialtenestelova. Det nye materiellet kan gjerne kan drøftast på tvers i kontoret og på tvers av fagområde eller tenester.

Dei sosiale tenestene skal vere tilgjengelege for alle. Det er derfor viktig at alle som jobbar i Nav, har tilstrekkeleg kompetanse til å gje informasjon om lova og til å identifisere behov for sosiale tenester. Leiarane må sikre at tilsette har kompetansen som krevst for at brukarane skal få sine rettar. Det er viktig å ta hand om behova til brukaren og å fremje brukarmedverknad.

Det er statsforvaltarane i Vestland, Innlandet, Troms og Finnmark, Oslo og Viken, Møre og Romsdal og Trøndelag som deltek i utviklinga av dei sosiale tenestene, saman med Arbeids- og velferdsdirektoratet.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.