Statsforvaltarane har undersøkt om Nav-kontora kartlegg behova til barna

Nær 70 000 barn lever i familiar som får økonomisk sosialhjelp. Nav har plikt til å finne ut av, vurdere og vareta barns behov på best mogleg måte når foreldre søkjer om sosialhjelp. Tilsynet viser at Nav ikkje kartlegg behovet til barna godt nok når foreldre søkjer om økonomisk sosialhjelp.

Publisert 05.01.2024

Barnekonvensjonen seier at styresmaktene har ei plikt til å hjelpe barn gjennom foreldra. Barnekonvensjonen er norsk lov. For å følgje barnekonvensjonen, må styresmaktene leggje forholda til rette for at foreldre kan forsørgje barna sine, og sørgje for tiltak som sikrar barn gode levekår. Dei som behandlar saker som gjeld barn, må i tillegg alltid vurdere kva som er best for barna.

I praksis betyr det at Nav pliktar å finne ut av, vurdere og vareta barn sine behov på best mogleg måte når foreldre søkjer om sosialhjelp. Ein viktig del av kartlegginga og vurderinga er også å klargjere kva barna sjølve meiner. Barna sine eigne meiningar kan bidra til å klargjere kva som er det beste for barna.

Statsforvaltarane har gjort eit landsomfattande tilsyn og undersøkt om Nav-kontora kartlegg behova til barna. Tilsyna viser at

  • Nav-kontora kartlegg ikkje behovet til barna godt nok når foreldre søkjer om økonomisk sosialhjelp
  • Nav-kontora gjer ikkje ei forsvarleg vurdering og avgjerd ved søknad om økonomisk sosialhjelp til familiar
  • leiing og kontroll i kommunar sviktar

Helsetilsynet, som samanfattar tilsyna vi har gjort, konkluderer med at det er behov for konkret rettleiing til Nav-tilsette om kartlegging og vurdering av barna sine behov i søknader om økonomisk sosialhjelp.

Arbeids- og velferdsdirektoratet utarbeider ein rettleiar for korleis dei tilsette i Nav skal vurdere barna sitt beste. Helsetilsynet håpar rettleiaren bidreg til at barna sine behov blir vurdert og i større grad enn i dag blir sikra.

Les oppsummeringa til Helsetilsynet (helsetilsynet.no)

Les tilsynsrapportane på nettsidene til Helsetilsynet (helsetilsynet.no)

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.