Nytt gjødselregelverk skal skjerpe spreiekrava
Regjeringa har sendt framlegg til nytt gjødselregelverk ut på høyring. Framlegget legg opp til ei innstramming av spreiekrava. Endringane skal skje over åtte år, og det blir teke omsyn til regionale skilnader.
Framlegget til nytt regelverk tek omsyn til både matproduksjon og miljøet.
Dei mest sentrale endringane i forslaget til gjødselbrukforskrift er:
- Reglar om bruk av gjødsel vil i større grad gjelde på tvers av gjødselslag, i og utanfor jordbruket.
- Overgang frå minstekrav til spreieareal til grense for fosformengde.
- Endringar i spreiefrist.
- Innføring av krav til journal over faktisk disponering av gjødselvarene.
Gjødselbrukforskrifta skal også ta inn føresegner om gjødslingsplanlegging, og den separate forskrifta om gjødslingsplanlegging er foreslått oppheva.
Framlegget til nytt regelverk vil gi tidlegare spreiefrist om hausten, i hovudsak 1. september, med krav om å hauste eller etablere plantevekst etter siste spreiing. Tidlegare spreiefrist betyr at fleire føretak må ha større gjødsellager for å kunne lagre gjødsel fram til neste vår. Føretak skal kunne søkje om investeringsstøtte til lagerutbygging.
Du kan lese meir om høyringa og framlegget til nytt regelverk på regjeringa.no.