Landbruk og mat


21.11.2024

Aukar verdiskapinga i landbruket?

Ny verdiskapingsrapport viser positive tal for Rogaland. Noko meir vil vi ikkje røpe før lanseringa den 3. desember på Øksnevad vgs.


21.11.2024

Webinar om investeringsmidlar i landbruket for 2025

Regionalt landbrukspartnarskap i Rogaland har høge ambisjonar for investeringar i landbruket i Rogaland også i 2025. No blir det invitert til webinar om investeringsmidlane i landbruket, 4. desember kl. 13-15.00.


20.11.2024

Beitebruk og tilskot

Mange opplev ordningane "beitetilskot" og "tilskot til dyr på utmarksbeite" som vanskelege å forvalta og kontrollera. Her er informasjon og faglege råd til kommunane som skal vurdera om søkjaren oppfyller vilkåra for å få tilskota. 


14.11.2024

Endringar i ordninga tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel

Nye satsar for tilskot til avløysing ved sjukdom, fødsel med meir vil gjelda frå 1. januar 2025. Perioden du kan søkja om tilskot til avløysing ved sjukdom blir forlengja. 


13.11.2024

Tilskot til tømmerkai i Vindafjord

Vindafjord skogeigarlag får støtte til utviding og oppgradering av eksisterande tømmerkai på Utbjoa. Alle skogeigarane som soknar til kaien får ein tinglyst bruksrett.  


07.11.2024

Webinar om potet fra jord til bord

Velkommen til kurs om økologisk potetproduksjon og økt lokal verdiskaping! Du vil få verdifull innsikt fra erfarne rådgivere innen økologisk potetproduksjon. 


06.11.2024

Stø kurs for investeringsmidlar i landbruket for 2025

Torsdag 31. oktober var det dialogmøte i Landbrukspartnarskapet i Rogaland, der hovudtema var status for bruk av investeringsmidlar for 2024 og prioritering for 2025.


06.11.2024

400 mjølkebønder i Rogaland må bygge om innan 2034

Trass mange båsfjøs igjen, kjem allereie 80 prosent av mjølka i Rogaland frå kyr i lausdriftsfjøs.


04.11.2024

Frist for løsningsforslag nærmer seg

For å bedre tilstanden i det populære Hålandsvatnet, søkes det nå etter de beste løsningsforslagene.


30.10.2024

Rettleiarar for oppfølging av brot på jordlova, konsesjonslova og skogbrukslova

Landbruksdirektoratet har på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet utarbeidd nye rettleiarar for oppfølging av brot på høvesvis jordlova, konsesjonslova og skogbrukslova.


Flere nyheter Få nyhetsvarsel

Landbruk og mat i Rogaland

Statsforvaltaren i Rogaland si landbruksavdelingen har som hovudoppgåve å syte for at nasjonal landbrukspolitikk blir kjend og sett i verk i fylket. Det betyr at vi arbeider for at dei fire hovudmåla i nasjonal landbrukspolitikk skal nås i Rogaland; Matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile fylket, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Med 20 – 30 prosent av matproduksjonen i Norge og ei årleg verdiskaping på nær 6 milliardar kroner, har Rogaland ein viktig posisjon i norsk landbruk. Denne posisjonen arbeider landbruksavdelinga for skal styrkast og utviklast vidare.