Svømming i barnehage
Kommunar, barnehagar og frivillege organisasjonar kan søke om tilskot for å gjennomføre tiltak slik at barn i alderen 4 - 6 år får tilstrekkelege svømmeferdigheiter og blir trygge i vatn.
Opplæringa skal skje i barnehagen si opningstid og skal i hovudsak gå føre seg i basseng. Det er viktig at gutar og jenter får eit likeverdig tilbod.
Statsforvaltaren har 5 158 000 kroner til disposisjon for 2021. Satsen pr. barn er 1 950 kroner. Det kan berre søkast om tilskot for eitt kalenderår om gongen.
På grunn av den pågåande pandemien vil første søknadsfrist vere 1. mars. Etter dette vil gjenståande middel bli lyst ut på nytt.
Søknaden skal innehalde:
- Navn på barnehagen
- Kor mange barn i barnehagen, antall gutar og jenter, som skal ha svømmeopplæring
- Fødselsår på barna
- Kor svømmeopplæringa skal skje
- Ei beskriving av sjølve opplegget for svømmeopplæringa, samt kopi av avtale med ansvarleg aktør for svømmeopplæringa
Søknadar sendast til statsforvaltaren per e-post: sfvtpost@statsforvalteren.no merka «Tilskot for svømming i barnehagar 2021». Barnehagar sender søknad til lokal barnehagemynde som vil vidaresende samla til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.
Informasjon om tilskotet finn dykk på Utdanningsdirektoratets nettsider, se lenke til høgre.
Kontaktpersoner
-
Marion Hetty Hansen
Tlf: 35 58 63 36 -
Selma Hadzic
Tlf: 33 37 24 28 / 99 44 76 61