Har koronapandemien påverka skolekvardagen?
Elevane får seie si meining om læring og trivsel i skolen i den årlege Elevundersøkinga. Skolen, kommunen og staten brukar svara til å gjere skolen betre.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I fleire av dei faste spørsmåla i Elevundersøkinga kan elevane seie si oppleving av skolekvardagen i pandemitida.
Utdanningsdirektoratet har i tillegg lagt inn to spørsmål om korleis koronapandemien påverkar elevane sin skolekvardag. Spørsmåla om dette går til alle elevar.
- «Koronapandemien påvirker skolehverdagen min negativt.
- Koronapandemien påvirker skolehverdagen min positivt.
Svaralternativ: Nei, ikke i det hele tatt - Ja litt - Ja, en del - Ja, mye - Ja veldig mye»
Elevundersøkinga, Lærarundersøkinga, Foreldreundersøkinga i skole og Vaksenopplæringsundersøkinga gjennomføringast frå 1. oktober til 20. desember 2021.
Les meir om Elevundersøkinga og brukerundersøkingane på lenkar til høgre.