Retten til eit trygt og godt skolemiljø
Eit nytt skoleår står for døra, og Statsforvaltaren vil igjen rette søkelyset på skolemiljø. Å skape eit trygt og godt skolemiljø for kvar enkel elev er ei sentral oppgåve for skoleeigar, skoleleiarar og alle som arbeider på skolen.
Trygt og godt
Trygt handlar om at elevane ikkje skal kome til skade og oppleve at skolen er ein trygg plass å vere. Elevane skal vere trygge på at alle som arbeider på skolen følgjer med og tar tak dersom noko skjer. I tillegg må arbeidet rette seg mot elevane sin rett til å ha det godt. Då handlar det om trivsel, kjensle av å vere inkludert og oppleving av å vere meiningsfull for fellesskapet. Samla sett må skolane ha ei vid tilnærming til eleven sin rett til eit trygt og godt skolemiljø. Det krev eit kontinuerleg arbeid, der sosial læring gjennom arbeid med fag, klasseleiing og aktivitetsplikta er viktige komponentar.
Les meir her:
- Sosial læring gjennom arbeid med fag | udir.no
- Klasseledelse | udir.no
- Arbeid med aktivitetsplikten | udir.no
Melde ifrå til Statsforvaltaren
Skolen si aktivitetsplikt inneber at skulen skal følge med på elevane sitt skolemiljø, og gripe inn og stoppe krenkingar. Dersom ein som arbeider på skulen har mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt, skal den tilsatte melde ifrå til rektor. Då skal skolen undersøke saka og sette inn tiltak. Tiltaka skal skriftleggjerast i ein aktivitetsplan. Dersom eleven eller føresette opplever at skolen ikkje gjer nok, kan dei melde ifrå til Statsforvaltaren når det har gått fem dagar etter at dei tok opp saka med rektor.
Ein melder ifrå her:
Endringar i regelverket om fysiske inngrep
Frå 1. august 2025 er det gjort endringar i opplæringslova § 13-4 om fysiske inngrep som også kan påverke elevane si oppleving av skolemiljøet. Tilsette kan no fysisk avverje at ein elev utset andre for psykiske krenkelsar, eller vesentleg forstyrrar opplæringa for andre elevar. Fysiske inngrep skal vere siste utveg, og skolane skal førebygge kontinuerleg og systematisk for å unngå situasjonar som inneber fysisk inngripen mot elevar, samt melde ifrå og dokumentere, jf. opplæringslova §§ 13-3, 13-4 og 13-5. Det er viktig at skolane og personalet arbeider med forståing og rutinar knytte til desse endringane.
Les meir her:
- Ansattes mulighet til å gripe inn fysisk mot elever | udir.no
- Foredragsrekke om skolemiljø og fysisk inngripen | udir.no
Ressursar i arbeidet
På Utdanningsdirektoratet sine ressurssider kan ein finne meir informasjon som kan gi støtte til både tilsette og skoleleiarar i arbeidet med å utvikle kompetansen om korleis skolen kan utvikle eigen praksis, samt auke handlingskompetansen.
Les meir her: