Fleire manglar den raude tråden i folkehelsearbeidet
Tilsynet om det systematiske folkehelsearbeidet i Vestland viser at mange kommunar har merksemd på barn og unge si psykiske helse, men at det manglar ein del i det systematiske arbeidet.
I 2024 har statsforvaltarane ført tilsyn med kommunane sitt systematiske folkehelsearbeid for å fremje barn og unges psykiske helse.
Den nasjonale rapporten frå det landsomfattande tilsynet viser at det er rom for forbetring. Mange manglar ein raud tråd i arbeidet, trass i stor merksemd på temaet. Du kan lese den nasjonale rapporten hos Statens helsetilsyn: Mangler en rød tråd i arbeidet med barn og unges psykiske helse | Helsetilsynet
Alle rapportane frå tilsynet i landet kan du lese på heimesida til Statens helsetilsyn: Folkehelsearbeidet til kommunen for å fremje god psykisk helse hos barn og unge | Helsetilsynet
Funn frå Vestfold og Telemark
Folkehelseoversikt
I tilsynet har 22 av 23 kommunane i Vestfold og Telemark svara på ei nasjonal kartlegging våren 2024. Her svarte 95% av kommunane i Vestfold og Telemark at dei hadde utarbeidd folkehelseoversikt, men hos fleire var ikkje dokumentet oppdatera på lang tid. Alle kommunar svarte at dei har identifisert faktorar knytt til barn og unge sin oppvekst- og levekårsforhold som kan påverke deira psykiske helse. Dei tre viktigaste identifiserte faktorane blant kommunane i Vestfold og Telemark, er:
- utanforskap og einsemd
- barn som lever i familiar med vedvarande låg inntekt
- sosial ulikskap
Kommuneoverlegen var med å utarbeide folkehelseoversikt i dei fleste kommunane. Sektorar som elles er med å utarbeide folkehelseoversikta er Helse, fritid/kultur, kommune- eller byplanleggjar, skule og barnehage, sosiale tenester i Arbeids- og velferdsforvaltninga (Nav).
I tillegg besøkte vi tre kommunar for djupneintervju. Vi hadde også samtalar med barn og unge i desse kommunane. I tilsynet undersøkte vi om kommunen har ei oppdatert oversikt over helsetilstanden til barn og unge. Vidare har vi undersøkt om kommunen bruker denne kunnskapen i planarbeidet sitt og om dette blir følgt opp med relevante tiltak, og evaluert.
Djupneintervjua avdekte at kommunane jobba godt med å fremje barn og unge sin psykiske helse, men at ikkje alle hadde alle delane på plass i det systematiske folkehelsearbeidet. Vi møtte engasjerte ungdomsråd i kommunane, og fekk inntrykk av at barn og unge kjenner at dei blir høyrt og teke med på råd i saker som gjeld dei.
Forankring i planverk og tiltak
Nesten alle kommunane drøftar barn og unge sin oppvekst- og levekårsforhold i kommunens planar etter plan- og bygningslova. Nesten alle har også fastsett overordna mål og strategiar i planane som er eigna til å møte hovudutfordringane knytt til barn og unge sin psykiske helse. Ikkje alle byggjer tiltaka på hovudutfordringane som er identifisert i oversiktsdokumentet til kommunen.
Over halvparten av kommunane svarar at dei let barn og unge medverke eller vere involvert i planarbeid gjennom barne- og ungdomsråd eller ungdommens bystyre. Andre fora er opne høyringar, samtalar med skuleklasser, elevråd og anna.
Halvparten av kommunane evaluerer
52% av kommunane i Vestfold og Telemark evaluerer det systematiske folkehelsearbeidet sitt. Berre 9 av 22 kommunar svarar at dei har internkontroll med folkehelsearbeidet for å sikre at kommunen følgjer føresegnene i §§ 5, 6 og 7 i folkehelselova i praksis.
Spørsmål til diskusjon internt i kommunane
I tilsynet har vi oppmoda kommunane om å sette seg saman tverrsektorielt og tverrfagleg for å svare på kartlegginga, og i møter med oss i tilsynet. Tilsynet er no avslutta frå Statsforvaltaren si side, men vi oppmodar kommunane om å diskutere følgjande spørsmål internt:
1. Helsetilsynet peikar spesielt på punkta under som viktige føresetnader for eit godt folkehelsearbeid i kommunane. Har vi dette på plass i vår kommune? Korleis kan vi forbetre oss?
-
- Tydeleg struktur og organisering av folkehelsearbeidet
-
- Tverrfagleg og tverrsektoriell deltaking i folkehelsearbeidet
-
- Folkehelsearbeidet er forankra i leiinga
-
- Avsett nødvendige ressursar til arbeidet
-
- Tydeleg raud tråd
2. Kva skal til for å vi skal jobbe betre og meir treffsikkert med folkehelsearbeidet retta mot barn og unge sin psykiske helse?
Kontaktpersoner
-
Janne Wikheim Aas
Tlf: 35 58 63 41 / 91 39 19 69 -
Inger Tveit Espeland
Tlf: 35 58 61 91 / 40 40 41 92 -
Merete Haugen
Tlf: 35 58 61 87 / 47 46 52 44