Tryggleikstandard – verktøy for betre kvalitet på tenester i sjukeheimar
«Tryggleikstandard» i sjukeheim ble lansert av helseministeren i midten av april. Verktøyet er digitalt, og skal bidra til å auke kvaliteten på tenester i sjukeheimar i heile landet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Verktøyet inneheld standardar, eller parametrar, som alle kan måle seg mot. Det skal bidra til å sikre lik kvalitet mellom sjukeheimar. Med ein standard som er satt, er det enklare å måle kvaliteten i etterkant.
Helsedirektoratet har utvikla tryggleikstandarden på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, med forankring i Primærhelsemeldinga, Meld.St.26 (2014-2015). Helsedirektoratet har testa og prøvd ut løysinga i samarbeid med fleire kommunar, medan Statsforvaltaren i Trøndelag har utvikla sjølve nettsida. Standarden er eit viktig tiltak i regjeringa si eldrereform, Leve heile livet, og i tråd med Kva er viktig for deg-satsinga.
Tryggleikstandarden er delt inn i følgjande 6 tema:
- Leiing
- Struktur og prosess
- Kompetanse
- Personsentrert omsorg
- Tenesteyting
- Innovasjon og teknologi
Du kan lese meir om verktøyet på ressursportal.no, som er ein kunnskapsbank for analyse og planlegging av helse- og omsorgstenestene i kommunane.