Med mål om eit meir demensvenleg samfunn
Demensplan 2025 er ein femårsplan for å forbetre tenestetilbodet til personar med demens og deira pårørande.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 19.05.2021
Planen er den tredje i rekka, og byggjer på erfaringane frå Demensplan 2020 og Demensplan 2015. Målet er å bidra til eit meir demensvenleg samfunn.
Eit demensvenleg samfunn er eit betre samfunn for alle, eit samfunn som bidrar til inkludering, likeverd og forståing. For å nå dette målet må det byggjast ned både dei sosiale og dei fysiske barrierane i samfunnet. Dette er òg sentralt i Leve heile livet-strategien.
Demensplan 2025 har 3 hovudmål:
- Personar med demens og deira pårørande blir fanga opp til rett tid og blir sikra gode og tilpassa tenester.
- Personar med demens og deira pårørande blir sikra rett til å bestemme og å delta i eit demensvenleg samfunn, slik at dei kan leva aktive og meiningsfylte liv med fysisk, sosial og kulturell aktivitet som er tilpassa den einskilde sine interesser, ønsker og behov.
- Auka forsking og kunnskap om førebygging og behandling av demens.
Planen har fire innsatsområde:
- Medråderett og deltaking
- førebygging og folkehelse
- gode og samanhengande tenester
- planlegging, kompetanse og kunnskapsutvikling