Tilskot til heimeoppfølging av kronisk sjuke pasientar
I samråd med helseforetaka sine Helsefellesskap kan kommunane nå søkje tilskot til digital heimeoppfølging av kronisk sjuke pasientar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Tilskot til spreiing av heimeoppfølging kan bidra til at kommunar, inklusive fastlegar, og i samarbeid med helseforetaka, tek i bruk digital heimeoppfølging for å sikre eit godt tenestetilbod for kronisk sjuke.
Digitale tenester kan og gi betre ressursutnytting på tvers av nivåa i tenesten.
Målet med tilskotsordninga er at denne pasientgruppa skal få heilhetlege og samanhengande tenester som gir auka mestring og sjølvstende. Moglegheit for tidleg å oppdage teikn til forverring, betre helse for brukaren og lågare ressursbruk for tenestene. Dette kan gjere helse- og omsorgstenestene betre rusta til å møte bærekraftutfordringane i framtida.
Søknad sendast til Helsedirektoratet innan 3. juni 2022. Det er satt av 16 millionar kroner til formålet.