Søknad om utsleppsløyve for nye Søbyholmen reiningsanlegg
- Høringsfrist:
- 15. august 2020
Tønsberg kommune søker om utsleppsløyve for nye Søbyholmen reinseanlegg. Reinseanlegget og leidningsnettet vil utvidast for å ta imot større mengder avløpsvatn frå Krakken reinseanlegg og spreidd avløp.
Tønsberg kommune (tidlegare Re kommune) har i brev av 11.10.2019 søkt Fylkesmannen om utsleppsløyve for nye Søbyholmen reinseanlegg.
Eksisterande Søbyholmen reinseanlegg har i dag tilknytt ca. 1 900 personekvivalentar (pe). Anlegget vart bygd i 1972 og utvida med ei ny linje i 1984. Nye områder skal knytast til reinseanlegget, og det vil også omfatte opprydding av avløp frå spreidd bureising. Dette inneber at det tettbygde området (jf. forureiningsforskrifta § 11-3 bokstav k) utvidast og tilført mengde avløpsvatn vil overstige 2000 pe. For slike anlegg er Fylkesmannen forureiningsstyresmakt, jf. forureiningsforskrifta kap. 14.
Økt knyting til reinseanlegget vil skje gradvis fram til 2024. Fram til det tettbygde området er lik eller overstig 2000 pe, er det kommunen som er forureiningsstyresmakt, jf. forureiningsforskrifta kap. 13.
Det nye reinseanlegget skal ha ein kjemisk og biologisk reinseprosess som oppfyller kravet til sekundærreinsing med utslepp til Sørbyelva like sør for reinseanlegget. Det søkast om utsleppsløyve for 4000 pe. Anlegget vil dimensjonerast for 3000 pe, med moglegheit for utviding til 4000 pe.
Sørbyelva vil være resipient også for det nye reinseanlegget. Sørbyelva er registrert i Miljødirektoratets naturbase som eit viktig bekkedrag og er ein del av Vesleelv bekkefelt i vassområde Aulivassdraget; eit leirjordvassdrag i vassregion Vest-Viken. Sørbyelva er ein sårbar resipient med låg vassføring. Ein av hovudutfordringane med dagens reinseanlegg er store mengder framandvatn ved store nedbørsmengder. Dette fører til overløp og utslepp av ureinsa avløpsvatn til Sørbyelva.
Det nye reinseanlegget vil ha fullautomatisert driftskontroll og vil bli knyta til kommunens andre driftskontrollanlegg for styring og overvaking.
Med utsleppsløyve for inntil 4000 pe tas det høgde for vekst i området. Tidlegare Krakken RA er nyleg overført til Søbyholmen RA og anlegget er bygget om til ein pumpestasjon. Det føregår også ein opprydding i spreidd avløp i tidlegare Re kommune og det er planlagt tilkopling av fleire bustadar bl.a. i områdane Fon og Sørby. De kommande årene vil ca. 90 husstandar, som svare til 410 pe, som i dag berre har slamavskiljar koplast til kommunalt nett og til Søbyholmen reinseanlegg. Det betyr at fleire bekker i området vil motta mindre avløpsvatn enn det som er situasjonen i dag.
Eventuelle merknader til søknaden sendes innan 15.08.2020 til:
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til fmvtpost@fylkesmannen.no
- Høringsfrist:
- 15. august 2020