Høyring av forvaltningsplan for Skrim og Sauheradfjella naturreservat
- Høringsfrist:
- 15. september 2021
Revidert forvaltningsplan for Skrim og Sauheradfjella naturreservat er no ute på høyring. Du kan sende innspela dine til Statsforvaltaren i Oslo og Viken innan 15. september 2021
Reservatet vart oppretta ved kongeleg resolusjon 19. desember 2008. Ein forvaltningsplan for området vart vedtatt i 2011. Planen er no under revidering og er drøfta med det rådgivande utvalet for reservatet. Nye forvaltningsplanar der ein definerer naturkvalitetar og bevaringsmål er eit satsingsområde for å oppnå ei betre forvaltning av verneområda. Planen skal sikre ei einskapleg forvaltning ved å gi konkrete retningslinjer om bruk, informasjon, skjøtsel og eventuell tilrettelegging. Forvaltningsplanen er utarbeidd i det nye verktøyet «forvaltningsplanar på nett for verneområde». Verneforskrifta gir rammene for forvaltningsplanen, og det kan ikkje utformast avgjerder i forvaltningsplanen som ikkje har heimel i verneforskrifta.
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og Statsforvaltaren i Oslo og Viken har samarbeidd om å utarbeide forslaget til forvaltningsplan.
Gjennom arbeidet med forvaltningsplanen er mellom anna følgjande tema behandla:
• Informasjon om verneområdet og naturkvalitetane.
• Sikring av trua artar.
• Friluftsliv, stiar og løyper, inkludert ein ny besøksstrategi. Merk at løypa B16 er foreslått oppgradert frå ingen preparering til snøskuterpreparering.
• Skjøtsel av kulturlandskap og setervollar.
Det er laga ei samla liste over foreslåtte tiltak til slutt i planen.
Høyringsdokument
Du finn forvaltningsplanen med kartvedlegg og høyringsbrev i høgremenyen. Adresselister finn du òg der. Høyringsbrevet er sendt til grunneigarar, aktuelle lag og foreiningar og offentlege etatar. Ved feil eller manglar i adresselistene, ber vi om at de tar kontakt, slik at vi får retta opp.
Ved behov kan du kontakte oss og be om å få tilsendt eit papireksemplar av forvaltningsplanen.
Slik gir du innspel
Alle kan komma med utsegn til forvaltningsplanen innan 15.09.2021.
Send utsegn på:
e-post til sfovpost@statsforvalteren.no eller
per post til Statsforvaltaren i Oslo og Viken, Postboks 325, 1502 Moss.
Oppgi saksnummer 2021/13209 i tittelen i høyringsinnspela.
Vidare saksbehandling
Etter høyringa vil Statsforvaltarane gjennomgå og samanfatta høyringsutsegnene og vurdere om det er grunnlag for å gjere endringar i planen. Utsegnene vil òg bli drøfta med det rådgivande utvalet, og til slutt vil Statsforvaltarane godkjenne planen. Endeleg plan vil bli tilgjengeleg i Miljødirektoratets databasar Naturbase og Forvaltningsplanar på nett.
- Høringsfrist:
- 15. september 2021
Dokumenter
Kontakt oss
Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding