Søknad om tiltak i sjø på Bjørkøya i Porsgrunn kommune

Høringsfrist:
2. desember 2021

Porsgrunn kommune søker om å mudre (inkl. sprenge) og pele for å utbedre Bjørkøya ferjekai i Porsgrunn kommune

Publisert 04.11.2021

Porsgrunn kommune søkte 13.07.2021 (søknadsskjema datert 06.07.2021) om løyve etter forureiningsregelverket til å mudre (inkl. sprenge) inntil 200 m2 sjøbotn med eit masseuttak på inntil 300 m3 og til peling som rører et areal på inntil 150 m2 . Tiltaket skal utførast ved Bjørkøya ferjekai, gbnr. 32/132 i Porsgrunn kommune.

Formålet med å sprenge er å sikre tilstrekkeleg seglingsdjupn ved ferjekaia. Steinmassar frå sprenging skal leverast til godkjent mottak eller nyttast ved utfylling på Sandøya. Formålet med å pele er å støtte ferjeleiet i ytterkant. Pelearbeidet vil generere boreslam som er planlagt samla på land. Ved behov vil boreslam gjennomgå avvatning og vatnet vil bli sloppe tilbake i sjø. Boreslam skal leverast til godkjent mottak. Det er foreslått å gjennomføre turbiditetsovervaking under tiltaket. Bruk av siltgardin er vurdert som lite egna på grunn av ferjetrafikk og lystbåttrafikk.

Sjøbotnen i og ved tiltaksområdet er blitt analysert for miljøgifter i overflatesediment (0-10 cm) ved tre stasjonar og djupare sediment ved ein stasjon. Resultata viser konsentrasjonar av miljøgifter tilsvarande inntil tilstandsklasse IV (dårleg), jf. klassifiseringssystem for sediment (M-608|2016 «Grenseverdier for klassifisering av vann, sediment og biota»).

I Miljødirektoratets Naturbase (kart.naturbase.no) kjem det fram at tiltaket det er søkt om ikkje vil røre registrerte naturverdiar.

 

Eventuelle merknader til søknaden kan merkast 2021/7311 og sendast innan 02.12.2021 til:

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no 

 

Høringsfrist:
2. desember 2021

Kontakt oss

Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding