Søknad om utfylling ved Nisser Brygge i Nissedal
- Høringsfrist:
- 13. februar 2023
Nisser Brygge AS søker om løyve etter forureiningslova til å fylle ut i Nisser for å etablere fritidsbustader.
Nisser Brygge AS søkte 08.06.2022 (søknad oppdatert 06.12.2022) om løyve etter forureiningsregelverket til å fylle ut inntil 24 300 m3 stein over eit areal på 33 700 m2 sjøbotn. Utfyllinga skal utførast ved Nisser Brygge, gbnr. 33/261 og 295 i Nissedal kommune.
Formålet med å fylle ut er landvinning for å legge til rette for å etablere fritidsbustader og å etablere sandstrand. Arbeidet skal utførast med gravemaskin frå land. Det er planlagt å bruke siltgardin under arbeida, og at mest mogleg av arbeida skal gjerast ved lav vasstand.
Sjøbotnen i tiltaksområdet er blitt analysert for miljøgifter ved fire stasjonar. Resultata viser konsentrasjonar av miljøgifter tilsvarande tilstandsklasse II (god), jf. klassifiseringssystem for sediment (M-608|2016 «Grenseverdier for klassifisering av vann, sediment og biota»).
I Miljødirektoratets Naturbase (kart.naturbase.no) kjem det fram at tiltaket det er søkt om ikkje vil røre registrerte naturverdiar.
Eventuelle merknader til søknaden kan merkast 2022/4252 og sendast innan 13.02.2023 til:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no
- Høringsfrist:
- 13. februar 2023
Dokumenter
- 0 Søknad om mudring dumping og utfylling i sjø og vassdrag.PDF
- Oversikt vedlegg til søknaden.PDF
- Vedlegg 1 - Planføresegner.PDF
- Vedlegg 2 - Planomtale.PDF
- Vedlegg 3 - Plankart.PDF
- Vedlegg 4 - ROS.PDF
- Vedlegg 5 - Analyse av bebyggelsens virkning.PDF
- Vedlegg 6 - Arkeologisk registrering under vann.PDF
- Vedlegg 7 - Befaring og undersøkelser 1987.PDF
- Vedlegg 8 - Rapport grunnundersøkelser 2015.PDF
- Vedlegg 9 - Verknader for vasskvalitet og biologisk mangfald.PDF
- Vedlegg 10 - Fysiske egenskaper sand.PDF
- Vedlegg 11 - Fyllingsareal i vannet_orto.PDF
- Vedlegg 11 - Fyllingsdybder.PDF
- Vedlegg 11 - Snitt av fylling.PDF
- Vedlegg 12 - Sedimentundersøkelse 2022.PDF
Kontakt oss
Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding