Verneplan for skog - Høyring
- Høyringsfrist:
- 6. juni 2025

Frivillig vern av skog i Telemark - høyring av verneplanar for to nye naturreservat i kommunane Skien og Tokke og utviding av eit eksisterande naturreservat i Notodden kommune.
Statsforvaltaren sender med dette verneplan for frivillig vern av skog på privat grunn på høyring. Høyringa er ledd i det nasjonale arbeidet med frivillig vern av skog der private grunneigarar har sendt inn tilbod om vern av eigen skog. Tilboda i denne høyringa er sendt inn frå AT Skog.
Denne høyringa omfattar tre tilbodsområde i kommunane Notodden, Skien og Tokke. To av områda er nye naturreservat, eit er utviding av eksisterande naturreservat. Områda er lista opp med verneverdi i tabellen under:
Namn |
Kommune |
Verneverdi |
Jønngiljo naturreservat - utviding |
Notodden |
Regional (**) |
Tiurkollen |
Skien |
Score 4,5 |
Modalen og Smågogjuvet |
Tokke |
Nasjonal (***) |
Tiurkollen er kartlagt etter ny metodikk der verdiskalaen (score) går frå 0-9. Score omfattar summen av dei tre parametrane naturgitt mangfald, naturskogsnærleik og størrelse. Ein score på 4,5 betyr regional verneverdi.
Føremålet med høyringa
Det er å få fram opplysningar om interesser som kan bli påverka av det planlagde verneforslaget. Vi ber høyringsinstansane om opplysningar om kulturminne, eldre gruver/gruveopningar, hytter, stølar, seterbuer, jaktbuer, stiar, sleper, traktorvegar og anna som bør vere kjend i områda. Spesielt ber ein grunneigarar som er kjend i det einskilde område om å melde i frå om slike ting. Elles gjer vi spesielt merksam på forslag til forskrift og føresegner. Grunneigarar som har bygningar innanfor verneforslaga må vurdere om dei ønskjer å take ut areal rundt bygningar, eller ha ein ryddesone rundt bygningane. Ryddesona utgjer normalt 2-4 daa. Ryddesona vert i så fall lagt inn i forskrifta med gnr./bnr.
Høyringsfristen er 6. juni 2025
Det vil lette den vidare sakshandsaminga om det vert vist til saksnummer i fråsegner og at desse vert sendt oss elektronisk til vårt postmottak: sfvtpost@statsforvalteren.no
Spørsmål knytt til verneplanarbeidet kan rettast til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, tlf. 33 37 10 00.

- Høyringsfrist:
- 6. juni 2025
Dokument
Kontakt oss
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjelder saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding
Telefon til vårt sentralbord: 33 37 10 00