Minnar om - Dato for stenging av Agros
Søndag 13.12.2020 kl. 23.59 blir siste dag i 2020 for fylkesmannen og kommunar til å:
• godkjenna vedtak om tilskot
• delutbetale og sluttutbetale
• avslutta saker og inndra middel
Publisert 09.12.2020
Årsaken til at Agros stenger er mellom anna at det er nødvendig å sikra at rekneskapane for tilskotsordningane stemmer med vedtaka/utbetalingane gjennom året. I tillegg må systemet oppdaterast i samsvar med region- og kommunereforma.
Agros vil vera open for innsending av søknader. Det vil vera mogleg å saksbehandle saker, men altså ikkje godkjenna vedtak.