Få unna produksjonssvikt 2023!

Det ligg no att i kommuane 54 søknadar frå 2023. 2024-sakene har begynt å koma, so me ynsker å få unna søknadane som gjeld 2023.

Publisert 14.08.2024

I ELF ligg det i kommunane no att 22 saker som vart innsende i 2023, i Agros 32.

Dei aller fleste produsentar har no selt avlingane dei hausta i 2023, og då bør kommunen snarast råd presakshandsame søknadane og sende dei til oss.

Det kan vere tilfelle der det ikkje er grunnlag for tilskot, fordi avlinga vart betre enn frykta. Det enklaste for oss er om søkjaren då trekk søknaden. I Agros gjer han det sjølv etter å ha logga seg inn. Ligg søknaden i ELF, må søkjaren senda ein epost til kommunen med melding om at han trekk søknaden.

Likevel, alle søknadar kan sendast oss for endeleg avgjerd. Då må kommunen fyst ha sjekka opplysningar om produksjonsomfang og avlingar, sett til at dokumentasjon er på plass, skrive ei fråsegn og kryssa av på om søknaden vert tilrådd/ikkje vert tilrådd. Me vil innvilge, avslå eller avvise.

 

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner