Fråsegn frå kulturminneforvaltninga ved søknad om tilskot til drenering av jordbruksjord
Me minner om reglane som gjeld for å hente inn uttale frå kulturminneforvaltninga i vårt fylke.
Publisert 25.09.2020
I tidlegare Vestfold fylke skal fylkeskommunen uttale seg i saker der:
- kulturminne er avmerkt (R) på gardskart.no på eller rett ved areal som skal drenerast
- areal som skal drenerast, ligg langs Lågen i Lågendalen
- areal som skal drenerast, ligg i RPBA-område
I tidlegare Telemark fylke skal fylkeskommunen uttale seg i saker der:
- kulturminne er avmerkt (R) på gardskart.no på eller rett ved areal som skal drenerast
- areal som skal drenerast er over 50 daa
Dette er ei lokal presisering av teksten som står i Agros: «Kommunen må innhente uttalelse fra kulturminneforvaltningen (fylkeskommunene og/eller Sametinget) dersom ….»