Gardskart aktuelt – 5. utgåve
Årets 5. utgåve av Gardskart aktuelt er lagt ut på Nibio sine nettsider der ein kan lese om:
Publisert 16.12.2021
- AR5web, ei nettløysing som skal gjere det enklare for kommunane å ajourholde AR5
- Vidareutvikling på Kilden
- Nye kartlag
- Webinar
AR5WEB er ikkje rulla ut i fylket vårt endå, men skal rullast ut i utvalde kommunar på nyåret.
Statsforvaltaren ynskjer at dei kommunane som er interessert i å ta i bruk løysinga tar kontakt med geodataleder Knut Sindre Vale. Alle kommunar skal etter planen få tilgang frå våren 2022.