Mykje SMIL-midlar er udisponerte i kommunane

Det er mange kommunar som endå har SMIL-midlar som ikkje er sett av til tiltak. Vi oppfordrar til å prioritera sakshandsaming av SMIL-søknader no i oktober (før behandling av PT og RMP).

Publisert 03.10.2024

Rammer for 2024

Den tildelte økonomiske ramma til Vestfold og Telemark er 16 mill. kr. Det er ein auke på 2,2 mill. kr i forhold til i 2023. Størstedelen av auka er øyremerka kommunar med areal som drenerer til vassdrag som renn ut i Oslofjorden, i tråd med føring frå LMD.

Hydrotekniske tiltak skal ha høg prioritet i vassområde med store behov av omsyn til avrenning, ressursbevaring, klimatilpassing og matproduksjon m.m. Tiltak for ville pollinerande insekt og trua natur bør også vektleggast. Nytt for 2024 er at det er ein moglegheit til å gi investeringsstøtte til seterdrift over ordninga.

Dei kommunane som endå ikkje har oppdatert dei lokale retningslinjene sine for SMIL for perioden 2023-2026 må gjere dette snarase i samarbeid med faglaga. Skildring av miljøutfordringane og prioritering av miljøtiltak bør komma fram. Tilskotssatsane bør blir gjennomgått med faglaga for tiltak mot avrenning, slik at det stimulerer til fleire tiltak.

Pr. no er 8 mill. kr udisponert hos kommunane:

  • Det er inndrege totalt over 1,7 mill kr til kommunane
  • Hugs at desse midlane kjem i tillegg til ramma tildelt kvar kommune i januar

Rapportering og omdisponering

Nokre kommunar er tomme for midlar, og har fått ekstra tildeling frå vår ufordela pott, som no er omtrent brukt opp.

Statsforvaltaren ber, som vanleg, snart kommunane om å rapportera inn restbehovet sitt for midlar dette året, og behovet for 2024.

Etter 10. november vil ubrukte midlar kunna bli omfordela til kommunar med søknadar liggande på vent.

Landbruksdirektoratet inndreg ubrukte midlar i Vestfold og Telemark ved årsskiftet. Det betyr at desse midlane ikkje vil komma i tillegg til ny tildeling for 2025

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.