Nye representantar for kommunane i arbeidsgruppa for RMP
Det har meldt seg fem kandidatar til å representera kommunane i arbeidsgruppa for RMP (regionalt miljøprogram).
Publisert 09.03.2021
Statsforvaltaren har valt Thor Christiansen frå Vinje kommune til å representera dei øvre kommunane og Jan Tore Foss frå Tønsberg kommune til å representera resten av fylket. Dei er valt for to år.
Første møte i arbeidsgruppa er 17. mars. Då er tiltak, vilkår og førebelse satsar for 2021 tema.