Prehandsaming av søknadar om tilskot ved svikt i honningproduksjon

Dei som skal presakshandsame søknader om tilskot ved svikt i honningproduksjon, treng ein eigen tilgang i Agros.

Publisert 12.09.2024

Frå i 2024 skal alle søknadar om tilskot ved produksjonssvikt, både i honningproduksjon og i planteproduksjon handsamast i Agros.

No må sakshandsamarane skaffast tilgang for å kunne presakahandsame søknadar om tilskot ved svikt i honningproduksjon. Agros reknar svikt i honningproduksjon og svikt i planteproduksjon som to ulike ordningar. Tilgangar for presakahandsaming av søknadar om tilskot ved svikt i planteproduksjon vart ordna i fjor.

Det som må gjerast, er at leiaren for den aktuelle sakshandsamaren sender ein epost til sanela.jacobsen@statsforvalteren.no. Be om at den aktuelle sakshandsamaren får presakshandsamartilgang (AGROS_PSVIKH_PRESB) for å kunne handsame søknadar om tilskot ved svikt i honningproduksjon.

Det er førebels ikkje registrert ein einaste søknad i Vestfold og Telemark om tilskot ved svikt i honningproduksjon. Det er registrert fjorten meldingar, fordelt på ni kommunar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner