Produksjonssvikt 2024

Følg opp meldingar, synfar der det er naudsynt.

Publisert 13.06.2024

Etter at det er registrert melding om klimatilhøve som kan gje produksjonssvikt, må kommunen skaffa seg oversyn over situasjonen. Når søknaden kjem, skal kommunen kunna stadfesta klimaårsaka og eventuelt anslå kor stor del av ein produksjonssvikt som er årsaka av klima og kor stor del som er årsaka av andre tilhøve.

For å fylla rolla si, må kommunen gjennom heile summaren vera budd på å ha hand om meldingar som kjem.

Det er til no registrert 19 meldingar om mogleg produksjonssvikt i 2024. Meldingane er komne frå 5 ulike kommunar og gjeld vinterfrost og hagl i vekstgruppene frukt og ber.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner