PT-kompetansesamling 27.09.23
Påmeldingsfristen er sett til måndag 25.09.23 kl 12.00. 17 kommunetilsette har meldt seg på. Det er plass til fleire.
Publisert 20.09.2023
Velkomne skal de vera til årets kick-off for PT-arbeidet.
Fagprogrammet er variert og omfangsrikt. De vil få treffe kollegaer i frå andre kommunar fysisk. Mattilsynet vil vera til stades. Frå Statsforvaltaren kjem me kvinnesterke. God mat vil de få, og reisevegen vil vera overkommeleg. Samlinga finn stad i Gjerpensgate 10, Skien.
Meld deg på samlinga her: Produksjonstilskudd | Statsforvalteren i Vestfold og Telemark