Oppretting av betalingsmottakar i ØKS
Vi ser at kommunen i nokre tilfelle opprettar privatpersonar som betalingsmottakar og vel ‘Vises hos skogeigar: JA'. Dette gjer at alle skogeigarar i kommunen kan sjå kontonummer og namn til betalingsmottakaren.
Dette er eit brot på GDPR-reglementet.
Publisert 09.12.2020
‘Blir vist hos skogeigar: Ja' skal berre brukast på føretak (ikkje enkeltpersonføretak eller privatpersonar).
I neste versjon av ØKS vil denne funksjonen berre kunna nyttast av FM. Det betyr at kommunen må be FM om å endra ‘Vises hos skogeigar' viss det er aktuelt.
Fylkesmannen har tatt ein gjennomgang av betalingsmottakarlista i kommunane og endra privatpersonar eller enkeltpersonføretak med ‘Vises hos skogeigar frå JA' til "NEI".