Resultatkartlegging av miljø og skogbrukstiltak 2020

I går blei det sendt brev til alle kommunane i Vestfold og Telemark om resultatkartlegging 2020. Vi syner også til brevet frå Landbruksdirektoratet om resultatkartlegging miljø og skogbrukstiltak 2020.

Publisert 03.04.2020

Kommunane må kartlegge i skogen hos skogeigarane i lista og svare på 52 spørsmål på kvar voksestad. Det er meir informasjon i brevet frå direktoratet og i ØKS-rapport nr. 1. Registreringene vil blir gått gjennom hos Fylkesmannen før dei blir sendt vidare til Landbruksdirektoratet.

Kommunane må registrere resultata frå kartleggingene innan 15. oktober 2020 i fagsystemet ØKS.

Vi ber kommunane melde frå om kommunalt eller fylkeskommunalt eigd skog står på lista. Da gjer Fylkesmannen kartlegginga, jf. § 3 tredje ledd i skogbrukslova.

Resultatkartlegginga er ei oppfølgjing av den nasjonale skogpolitikken, og registreringene som kommunane gjer, er grunnlag for i ein nasjonal rapport.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.