Tilskot til tettare planting
Søknadsfristen til skogeigar for vårplanting er 1. september. Kommunane må godkjenne søknadene i ØKS innan 8. september.
Publisert 19.08.2022
Tilskotssats for 2022:
• Tettare planting ved nyplanting: 60 %
• Suppleringsplanting: 30 %
Tilskotssatsene er fastsett på grunnlag av tildelinga og forventa aktivitet. Dersom søknadsmengda blir større enn tildelinga, kan satsane bli reduserte. Det vil i tilfelle mest sannsynleg kunna skje i siste søknadsomgang (25. november).
Søknadsomgangar og -fristar:
• 1. september og 25. november
For seint innkomne søknader vil ikkje bli tildelt tilskot.
Les meir på heimesidene til Ldir: ‘Tilskudd til tettare skogplanting som klimatiltak'